Det pantsette landet


I "Det pantsette landet" har Johannes Heggland henta historisk stoff frå Shetland, det gamle Hjaltland. Det er på slutten av 1500-talet, midt under det verste styret til den brutale skottejarlen Patrik, som let mange arbeida som trellar på den nye, store borga si. Far til unge Heine og Åsil blir tvinga til å gå i jarlen si teneste. Norsk Barneblads Forlag, 1977.

Johannes Heggland vitja Shetland året før han skreiv boka, saman med dottera Marianna, for å samla stoff. Marianna hugsar i dag at det var eit skrekkeleg uver den dagen dei tok turen for å sjå på ruinane av jarlen sin borg. "Det pantsette landet" er å finna på folkebiblioteket i Lerwick, på hylla med bøker om Shetland.