Karjana - den varme og sterke og strie - er ei kvinne som kvilelaust står midt oppe i det og har vidope auga og hjarta for gleder og sorger både i eige og andres liv. I romanen "Det stutte livet" nærmar det seg livskvelden for henne. Livet lever ho likevel fullt og heilt med i så langt kreftene rekk. Gyldendal Norsk Forlag, 1992. Omslag: Tor Lindrupsen. Tysk utgåve: "Im sanften Licht des Nordens", 2001.