For sambygdingane på Tysnes i Sunnhordland er Johannes Heggland eit like stort namn som lokalhistorikar. To-bandsverket "Tysnes - det gamle Njardarlog" kom ut i to band 1963 og 1975. Her finn ein Tysnes si historie frå dei tidlegaste tider fram til ca. 1970, med hovudvekt på perioden etter 1814. Johannes Heggland har nytta svært mykje originalt kjeldemateriale under arbeidet. Verket vart sidan trykt i nytt opplag 1992 og finst framleis i handelen.
Johannes Heggland har også skrive soga til fleire sparebankar, såleis Tysnes Sparebank 1863-1963, Bremnes Sparebank 1866-1966, Fjaler Sparebank 1873-1973 og Samnanger Sparebank 1874-1974. Like før jul 2007, nokre veker før han døydde, kom boka "Tysnesmålet" ut - ordlista, ordtak og stubbar som Johannes Heggland hadde samla gjennom eit langt liv.
Johannes Heggland har skrive ei rekkje sogespel som har vore framført anten ein sesong eller årvisst, som hans mest kjende spel - Mostraspelet. I tillegg har han skrive eit spel med handlinga henta frå Onarheim, som enno ikkje er oppført. Forutan sogespela har han også skrive annan dramatikk som i dag er mindre kjend.
Av sogespela kan nenmnast Kongsgildet på Ogvaldsnes (1981), Mostraspelet: Kristkongane på Moster (1984), Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson (1995), Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen (1997), Spel om Magnus Erlingsson (1999), Zetlitzspelet (2000) og Syng elvestraum (2006).
"Vårherres urtegard" er det sjette bandet i "Tusen vårar"-serien - og det vart den siste romanen Johannes Heggland skreiv, boka kom ut nokre veker etter at han døydde. Dermed nådde Heggland aldri å fullføra dei planlagde ti banda.
Handlinga er lagt til ufredstidene i byrjinga av 1800-talet. Med meisterhand teiknar Johannes Heggland eit vitalt og mangfelt bilete av livet i ei vestlandsbygd i ei omskifteleg tid. Nytt brytest mot gamalt, son mot far, ættetradisjon mot fridomslengt, haugianisme mot kyrkjemakt. Og sentralt står menneska: Prosjektmakaren Gitle som lét seg freiste av nye tankar og gapar høgare enn det som klokt er, Sara Lisbet som må seie nei til husmannsguten Mikkel -; han er slett ikkje god nok for Bastaland-folket. Og Askjell som må velja mellom det hjartet ynskjer og det som tener framtida til garden han skal erve.
"Vårherres urtegard" er ein heilt sjølvstendig roman. Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen skreiv om boka då ho kom ut: "Forteljaren Heggland glitrer som knapt nokonsinne tidlegare - i sitt 88. år! Dessutan: Språket hans, som er blitt meir dialektprega, er så presist, så bilderikt, så finstemt at det berre er å gje seg over."
Omslag: Filius Design. Gyldendal Norsk Forlag, 2008.